tirsdag, juli 6, 2010 @ 14:36

sommar - og snart ferie!

Finst det noko betre enn sommar..? Ikkje i mine auger iallefall.. Elsker dei lange lyse, milde kveldane. Kanskje fyr i bålpanna, kanskje eit glas kald tørr hvitvin eller litt rødt, me er UTE så sant det er anledning... Og, ikkje minst,  med god tid til hundetrening...

Nå skal me vel sei at sommaren så langt slett ikkje har vore prega av ligging i hengekøy :-) Me jobbar begge to ut neste veke, ungane er jo store og greier seg mykje godt sjølve. Det er enorm luksus å sleppe organiseringa me hadde for nokre år sidan, der dei trong barnepass av snille besteforeldre, vener og slekt elles når me jobba noko av sommarferien. Og så er det jo fotball-VM - knallstas!

Ida har hatt travel og kjekk start på sommaren; 4H fylkesleir, fotballskule og besøk av 2 tyrkiske jenter, som er på CISV-leir i Stavanger.
I går var beskjeden klar; hu ville vera åleine og gjera ingenting ein dag :) Full forståeleg.
Anders har starta litt meir slow, men fått med seg onkel/tante besøk og Vikingkamp i Stavanger, kjekt det og. 

Dream får trene jevnt og trutt. Me jobbar med apportering med dirigering, avstand, mannekeng, og alt det andre :-) Me er oppe i heile 3 kommandoer for å legge seg, flatt, ikkje flattt og bakover. Dermed er det ein, p.t., ganske forvirra Dream som skal lære enda meir, stakkar... Men entusiasme og pågangsmot har han - det skal han ha for!  :)

I kveld kjem sommar-gjestene 'våre' - Vilda, Niina og Kenth på besøk, det betyr alltid masse kjekk trening. Gler meg til å sjå dei igjen og helse både på Skoj og Feo igjen og. Det er fjerde (eller femte?) året dei vel å feriere her vest (likar dei kanskje regn..?), kjempekjekt er det iallefall at dei kjem år etter år!

Litt jakt-trening blir det og - trening aleine har gått strålande i det siste, skudd og vannarbeide har tilogmed gått ganske sansa og fint for seg. Men, me hadde ei trening saman med Monica og Ajax, og då var stress, litt lyd og litt tjuvstart på plass igjen ja. Hrmpf. Må jobbe videre her! Markeringsevne har komt seg enormt, søk er bra og han gir aldri i livet opp eller spør om hjelp. Dirigerbarhet er vel sånn halvegs bra (varierende kan me kalle den, men det er for lite trent av meg, så der kan eg takke meg sjølv). Vår største utfordring er å tøyle stresset og bruke kreftene på konsentrasjon og ikkje galskap. Og å trene betre på dirigering/fløytesignal!

Men - LP har første prio! Planlagt elitedebut er 18/8, då har vår egen klubb stevne så det blir heimebane for oss. Kjenner at eg glede meg veldig, DET blir spanande!!!