søndag, mai 3, 2009 @ 20:13
EIN LITEN OPPDATERING
Uff, så dårleg eg er på å oppdatere..
No har Angelica flytta ut og teke Rikke med seg, til Heinos store fortvilelse. Men me har avtalt å møtast minst ein gong i veka og ha playdate, slik at Heino og Rikke fortsatt får treffe kvarandre. Dei er jo så glade i kvarandre, og leikar vilt og hemningslaust når dei er saman. Eg trur Rikke er litt hardhendt innimellom, eg har nemleg funne skorper rundt halsen på Heino. Men det verkar ikkje som om han bryr seg noko særleg - han likar tydelegvis å la damene herje med han!
Då Angelica skulle flytte ut la eg ut annonse der eg søkte ein ny sambuar, men eg fekk svært dårleg respons.. Det var liksom ikkje heilt tida på året. Dei fleste studentar flyttar jo heim til sommaren, og treng ikkje ein plass å bu før på hausten. Så eg var ganske stressa ein periode kan ein seie, og begynte å sjå meg om etter ein annan plass å flytte til. Desverre er det så få som tillet hund i leigeleilegheitar, og eg fekk stort sett berre nei når eg ringte rundt på annonser. Dei få som synst det var greitt med hundehald hadde så dårlege leilegheitar å tilby at dei burde skjemmast over i det heile tatt å ta peng for noko slikt.
Det heile ordna seg heldigvis til slutt, då eg traff ei koseleg jente på eit kurs i samanheng med jobben eg har utanom skulen, og ho trong ein plass å bu. Ho kom for å kike på leilegheiten, og fekk helse på Heino som ho syns var veldig søt og koseleg (heldigvis!). Deretter bestemte ho seg der og då for at ho hadde lyst til å flytte inn med meg og Heino. Så hipp hurra, me slapp å flytte! Det er sjølvsagt rart å måtte bu med nokon ein ikkje kjenner frå før, men det har gått bra så langt. Dessutan vert ein jo fort kjend, og så er det jo berre midlertidig no i studietida. Eg er jo ferdig utdanna neste sommar! Kanskje eg og Heino skal sjå oss om etter ein leilegheit for oss sjølv når den tid kjem? ...ellers så kan det jo hende at mannebeinet kanskje vil bu med oss etterkvart! Så blir me ein liten familie til slutt! Tida vil vise..
Ellers skjer det ikkje så mykje spanande her hjå oss. Eg og Heino og Ole går eindel på fjellturar, og Heino får tatt seg ut! Me var faktisk på ein liten søndagstur idag. Været var greitt, men det blas eindel når ein kom litt opp i høgda, så me satt og hutra litt medan me åt Ole sine nysteikte grove vafler med blåbærsyltetøy! Heino fekk også smake sjølvsagt, men han hadde eigentleg ikkje tid til å sitte så mykje i ro med oss - han syns det er mykje kjekkare å rase rundt som ein tulling! Men det kostar å bruke energien på den måten - no ligg han som eit slakt på golvet og har ikkje gjort noko anna sidan me kom heim i ettermiddag!


